Våre tjenester

Hjå oss kan du gjere mykje.
Campingplassen ligg idyllist til Sognefjorden.
Velkommen!

Velkommen til spennande naturopplevingar hjå oss!

Djuvik Camping ligg fint til ved Sognefjorden, no også på Verdsarvlista. Plassen ligg langs riksveg 13, mellom Vik sentrum og  Vangsnes.

Djuvik Camping har 22 campinghytter av ulik standard og storleik. Vi har også telt-, caravan-, og bubilplassar med mogelegheit for straumtilkopling. Sanitæranlegg med god standard, og eige handikap-rom. Båt-utleige og båthamn for småbåtar. 
I tillegg til gode fiske og badetilhøve i Sognefjorden, er det  eit fint utgangspunkt for fotturar i skog og fjellområde. 

Du kan og nytta deg av dagsturar med båt på Sognefjorden til Fjærland, der kan du vitja Norsk Bremuseum, eller til Flåm og Bergen. I Vik finn ein Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje frå ca. år 1100. Kristianhus Båtmotormuseum, ei rik samling av gamle båtmotorar, gullsmed som lagar bunadsylv m.m. Deler av Vikøyri er som ein ”landsby” med eldre freda bygningar i sentrum. I Vik sentrum er også det einaste gamalostysteriet i landet. Laksefiske i Vika-elva 5 km i frå plassen. 

12996_655327067818473_1637230876_n

1240005_655330264484820_1097057445_n

Kontaktinformasjon

Vangsnesvegen 456, 6894 Vangsnes, Norway

+47 91141878

booking@djuvikcamping.no

 Du finner oss her

Har du spørsmål? Bruk skjema

Galleri